Politikk skal verka nær folk!
Politikken skal verka nær folk!
-Sentralisering gjer at politikarar vert så profesjonelle og utilgjengelege for dei dei fattar vedtak mot. Då vert det enklare å leggja ned og sentralisere kommunale tenester, seier sentralstyremedlem i Senterpartiet Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal. På Senterpartiets landsmøte i Haugesund 19.-22. mars 2015 tek ho til orde for ei konsekvensutgreiing av sentraliseringsreformene til Høgre og Frp med fokus på likeverdige tenester, verdiskaping og ressursutnytting, beredskap og demokrati.