- Det er viktig for denne regjeringa å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten vår. Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, enten det er bedrifter, pendlarar eller folk som skal besøke familie. Vi starta med å redusere ferjeprisane, og vi gjorde ferjene gratis fleire stadar. No følger vi opp med å styrke flytilbodet. Vi minskar prisane for dei som brukar fly og kortbanenettet i kvardagen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.