Stortinget skal den 19.juni til stilling til eit forslag om vindkraft. Som kjent har Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremma sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft ,der dei har peikt ut område som er vurdert best eigna for vindkraft. Fleire område i Hordaland ligg inne i NVE sitt forslag. NVE sitt forslag har reist fleire spørsmål: om sjølve behovet for utbygging, om eigarskap ved utbygging og om kommunane og lokale folkevalde si rolle.
Når kvinner over heile landet i kler seg bunad i gatene lenge før 17.mai, er det alvor. 70 000 har meldt seg inn i «Bunadsgeriljaen», som har hatt sitt utgangspunkt i Kristiansund. Der vil helseføretaket slå saman fødeavdelingar for å spare pengar. Fødande på Nordmøre ligg allereie dårleg an på fødestatistikken når det gjeld transportfødslar. No skal reisevegen bli enno lengre. Fødekvinner på Smøla , Aure og Halsa får ein reiseveg på opptil tre timar. Det er omtrent avstanden frå Oslo til Ål i Hallingdal.
Norske sjukehus blir i dag styrt på ein måte som ikkje lenger har tillit i befolkninga. Med helseføretaksmodellen blei den folkevalde styringa av våre offentlege sjukehus, erstatta av profesjonelle styrer som driv sjukehus som butikk. Stoltenberg- regjeringa innførte reforma i 2002 etter ein superkort høyringsrunde og med støtte frå FrP og H. Helseføretaksmodellen hadde klar samanheng med innføring av marknadsprinsipp i vår offentlege helseteneste, der innsatsstyrt finansiering og bestillar/utførar prinsippet står sentralt.
Stortinget har vedtatt lik tredeling av foreldrepengeordningamed fullstendig verknad frå 1.januar 2019. Den totale stønadsperioden er i dag 49 veker ved full sats og 59 veker ved 80 prosent sats. Stønadsperioden er etter fødsel delt i tre like delar. 15 veker øyremerkt mor, 15 veker øyremerkt far og 16 veker som foreldra kan dele fritt mellom seg. Ved full sats kan mor (eller far) ta ut maksimalt 7 månaders permisjon, 31 veker, etter fødsel.
I dag fremmet stortingsrepresentantene Siv Mossleth, Willfred Nordlund, Geir Pollestad, Liv Signe Navarsete, Geir Inge Lien og Nils Bjørke (Senterpartiet) et forslag i Stortinget for å styrke fylkene som har store utgifter til ferje- og båtdrift.
Ingvild Kjerkol (Ap) har i innlegg kritisert Senterpartiet for å ville lovfeste responstidskrav for ambulansen. I stortinget i høst hindret Arbeiderpartiet flertall for dette. De stemte med Høyre og regjeringen i saken, skriver Kjersti Toppe.
Lørdag 15. desember debatterte Stortinget helsebudsjettet for neste år. Det var ein spesiell debatt. Regjeringspartia hylla regjeringa sitt forslag til sjukehusbudsjett for 2019. Det skal nemleg auka meir enn dei demografiske endringane, som det heiter. Det betyr at det skal bli ein reell vekst i pasienttilbodet til neste år. Avstanden er visst stor frå Karl Johan til Møre og Romsdal. Der skal Helse Møre og Romsdal HF kutte 200 årsverk . Ikkje på sikt, men som eit strakstiltak i 2019 for å spare pengar til nytt sjukehus, skriver Kjersti Toppe.
Korleis kan ein forvente at sykehusleiarane skal vere oppteken av pasienttryggleik, når dei fyrst og fremst blir målt på ventetider og effektiv ressursbruk?, spør Kjersti Toppe i dette innlegget.
5.desember er fastlegedagen. I Norge har vi hatt fastlegeordninga sidan 2001. Då fekk alle innbyggjarar busett i Norge ein fast allmennlege å forholda seg til. Evalueringar har vist at ordninga i all hovudsak har vore vellykka. Men no er fastlegeordninga truga. Nye legar vegrar seg for å bli allmennlegar i kommunane. Etablerte legar vurderer å slutte, skriver Kjersti Toppe.