19. juni er det 100 år sidan Senterpartiet vart skipa i Kristiansand. Kampen for folkestyret og gode tenester nær folk flest går som ein raud tråd gjennom partiets historie. Kriseforliket i 1935 med Ap, Bortenregjeringa, EU-kampane i 1972 og 1994 og raudgrøn fleirtalsregjering i 8 år står som førebelse høgdepunkt i partiets historie. Jubileumsfeiringa er grunna Korona utsett til i haust til ei samling på Lillehammer 14. november.