Odnes synest det er positivt at fylkeskommunane får 250 millionar kroner meir til fylkesvegar. Men ikkje når regjeringa samstundes kutter kraftig i dei regionale utviklingsmidla, som mellom anna er innført for å sikre verdiskapning over heile landet. Rundt 430 millionar kroner blir borte.
- Oppland vil truleg få om lag ti millionar kroner til fylkesvegane våre. Det mindre enn den andelen fylkeskommunen bidreg med i bygginga av den nye rundkøyring på Lena. Det er klart at 20-25 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar utgjer ein mykje større skilnad, seier Odnes.
Han er uroa for signala den nye regjeringa sender.
- Det blir langt vanskelegare å skape næringsutvikling nårslike verkemiddel blir fjerna, og det er eit signal frå den nye regjeringa om at den ønskjer å satse mindre på arbeidsplasser ute i distrikta, seier Odnes.
Innovasjon Norge og SIVA mistar også over 600 millionar kroner i viktige utviklingsmidlar for gründerar og bedrifter rundt omkring i landet.
- Eg registrerer også kutt i næringar som er viktige for Oppland, som jordbruk og skogbruk, legg Odnes til.
Fakta regional utvikling:
• Tilskot til fylkeskommunenes arbeid med regional utvikling reduserast med 430 millionar kroner.
• Redusere løyvinga til Nasjonal samarbeid for regional utvikling med 10 millionar kroner.
• Nasjonale tiltak for regional utvikling, reduserast med 85 milllionar frå 587 til 502 millionar kroner.
• Bolystprogrammet blir avvikla, innsparing 45 millionar kroner.
• Verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar reduserast med 5 millionar kroner
• Utviklingsprogrammet for små og mellomstore byer som regional vekstkraft, utvidast til å gjelde alle typer byregionar.
• Kompetansesenter for distriktsutvikling. Løyvinga reduserast med 5 millionar frå 33,2 til 28,2 millionar kroner
• Regjeringa vil gjennomføre ein kommunereform. Kompetansesentra for distriktsutvikling skal få en funksjon som ressurssenter for kommunesamanslåingar.