Gå til hovedinnhold

Fredsprisen bør gå til Bialiatski

Eg har nominert menneskerettsforkjempar Ales Bialiatski frå Kviterussland til Nobels Fredspris 2013. Politisk arbeid og arbeid for menneskerettane er risikosport i Kviterussland, seier Erling Sande.

Ales Bialiatski er ikkje skuggeredd. Med stor fare for eigen tryggleik har han via livet sitt til å gjere menneskeretts-situasjonen i Kviterussland betre. Han har vore arrestert ei rekkje gonger som følgje av sitt arbeid for menneskerettar og mot eit totalitært regime, seinast i 2011 – og han sit fengsla framleis.

Nobels fredspris for 2013 bør gå til ein som verkeleg fortener han. Ales Bialitski er en særs verdig kandidat. Å gje Nobels fredspris til Ales Bialiatski, er i Alfred Nobels ånd.