Hordaland treng ein aktiv næringspolitikk som tek heile fylket i bruk.
Hordaland er av fylka med størst sysselsetting innan industri og næringsliv. Mange av industribedriftene i fylket vårt har vore hjørnesteinsbedrifter i mindre lokalsamfunn i mange år. Verda endrar seg raskare og raskare, og berre gjennom målbevisst teknologiutvikling vil me vera i stand til å halda fram med verdiskapinga i heile fylket. For å få dette til må ein ha ein aktiv næringspolitikk som sikrar ei langsiktig forvaltning av alle ressursar.
Difor vil Hordaland Senterparti:
- Bygga gode og raske samferdselsløysingar
- Utvikla distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel me veit virkar, som t.d Innovasjon Norge
- Vidareutvikle bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile fylket og stimulere nærings- og kompetanseklyngjer som ein strategi for regional balanse
- Sikre ein lokaliseringspraksis for statlege verksemder som medverkar til ein betre balanse i kompetansearbeidsplassar i alle regionar
- Sikre at små og mellomstore bedrifter får enklare kontroll- og rapporteringsregime å halde seg til
- Styrkje fagutdanninga
- Styrkje skattefunn-ordninga
- Etablere ei kunnskapsfunn-ordning for investeringar til kunnskapsoppbygging ieksisterende og nye bedrifter