- For at regjeringa skal nå sitt mål om at kommunane skal tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester i framtida som i dag, må kommunane tenkje nytt. Det skjer nyskaping og fornying i kommunane våre kvar einaste dag, og det må halde fram, sa statsråden da ho kom til Høgskulen i Lillehammer.
Blant mange gode søkjarar om tilskotet, vart søknaden frå Høgskulen i Lillehammer og Gjøvik vurdert å vere den beste. Innovasjonsstudiet skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap om innovasjonsprosessar i kommunane. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.
– Skulane viser god innovasjonskompetanse, og presenterer eit opplegg som verkar svært relevant for kommunesektoren, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.