Dei førebelse KOSTRA-tala frå SSB syner at kommunane og fylkeskommunane har sytt for nesten 4 150 fleire årsverk i kommunesektoren i 2012. Oslo kommune er ikkje med i tala, då det har vore problem med kvaliteten på statistikken.
- Kommunane gjev folk ein utviklande skule, trygge barnehagar og god omsorg. Difor er det bra at dei har nytta midlar på å tilsette enda fleire velutdanna og kompetente medarbeidarar, seier Navarsete.
I pleie- og omsorgssektoren kom det i 2012 til 3 200 nye årsverk. Det gjev ein auke på til saman 25 000 årsverk for perioden 2005-2012.
- Regjeringa er i rute til å nå årsverksmålet i omsorgsplan 2015. I alt har det kome nesten ti nye årsverk innan pleie- og omsorg i kommunane kvar einaste dag dei siste seks åra. Fleire legar på sjukeheimane tydar og på betre kvalitet og tryggleik i tenestene, seier Navarsete.
Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 89,6 prosent i 2011 til 90,1 prosent i 2012.
Samla hadde kommunesektoren eit netto driftsresultat på 3,1 prosent i fjor. Ein av grunnane til det gode resultatet, er dei ekstra skatteinntektene som kom på slutten av 2012. Kommunane utan Oslo hadde eit resultat på 2,6 prosent, fylkeskommunane på 5,2 prosent, medan Oslo kommune hadde 3,6 prosent.
- Den finansielle stillinga for sektoren er stabilt god, samstundes som vi ser at kommunane byggjer ut tenestene. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp aktiviteten etter sin økonomiske situasjon, seier Navarsete.