Senterpartiet ber Regjeringa styrke beredskapen mot naturkatastrofar i heile landet.
Dei store hendingane på Vestlandet siste året, brannen i Lærdal, flomen i Flom, Odda, Voss har vist oss at lokal kriseleiing har vore avgjerande for å ivareta liv og helse når naturkatastrofar rammar.
Ei øvd kommuneleiing med god lokalkunnskap har vore avgjerande for at desse naturkatastrofane ikkje har ført til tap av menneskeliv.
Senterpartiet i Hordaland og Sogn og Fjordane krev at regjeringa set av midlar i fond slik at berørte kommunar og etatar raskt og ubyråkratisk kan byggja oppatt lokalsamfunnet, når naturkatastrofar råkar.
Sogn og Fjordane Senterparti.
Pressekontakt:
Karen Marie Hjelmeseter
Tlf 918 47 736
Karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
Jostein Ljones
Tlf 905 15 901
josteinljones@gmail.com