Som einaste fylkespolitiker frå samtlige 19 fylkeskommuner var Beate Marie Dahl Eide (Sp) tilstede da Oslo Economics fredag la fram ein rapport for NHO Transport om effektivitet i organisering og regulering i av lokal kollektivtransport . - Dette er eit viktig område, som det er viktig at vi som politikarar set oss grundig inn i og tileignar oss kompetanse på, seier Dahl Eide. Rapporten vurderar ansvarsdelinga i kollektivsektoren, og resultatet av anbudsutsetting og ulike kontraktsformer.
Rapporten viser mellom anna at bruk av bruttokontrakter ser ut til å ha auka administrasjonsbehovet i offentleg sektor. Og at oppretting av administrasjonsselskap har endra fordelinga av ansvar i kollektivsektoren. Det er operatøren som er i markedet og som er nærmast kunden. I bruttokontrakter er ansvaret for inntekts- og utgiftssida oppdelt, noko som ikkje motiverar selskapa til å få ned kostnadsnivået eller å få flest mogeleg reisande.
Fylka som har administrasjonsselskap brukar fleire årsverk til å administrere kollektivtransporten enn fylka som ikkje brukar administrasjonsselskap. Det vert peika på at det er ei utfordring av administrasjonsselskap kan føre til meir byråkrati enn nødvendig.
- Rapporten peikar på fleire ting, mellom anna at ein bør vurdere å bruke andre typer kontraker enn bruttoanbud. Ein bør bruke fleire kontrakstyper, nettoanbud., bedre kontrakter der det er meir krav til funksjon og mindre detaljkrav. "Det er slik vi i Telemark samhandlar med våre busselskap, seier samferdselspolitiker Dahl Eide. Vi har stor tru på at operatørane er dei som kjenner markedet og kunden best, og difor har vi valgt å ha såkalla "nettokontrakter". Våre busselskap tek ansvar for produktutvikling og det å utvikle gode rutetilbud , i tråd med dei politiske føringane frå fylkeskommunen. Det trur eg er ei god ordning. - Denne rapporten burde få fleire fylker til å tenke seg nøye om, og vurdere kva slags kontraktstyper som er best for kollektivtransporten i sitt fylke. Det seier meg at det er tenkt mykje rett i Telemark rundt kontraktsregimet vi brukar.
Dahl Eide er også svært opptatt av å vurdere Vestviken Kollektivtrafikk ASs rolle i Telemark. - Rapporten fortel meg òg at det er veldig rett at vi no gjennomgår Telemark si organisering av kollektivtrafikken.
Saka om framtida til Vestviken kjem til handsaming i samferdsleutvalet og fylkestinget i løpet av våren, og Dahl Eide har store forventningar til denne gjennomgangen; Det er fleire ting som talar for at det å ha eit ekstra mellomledd mellom fylkeskommunen og operatørane, busselskapa, er eit unødig fordyrande og byråkratiserande mellomledd. Vi må uansett ha god kollektivkompetanse i fylkesommunen. Eg er redd vi organiserar oss slik at vi skapar ekstra byråkrati. Vi må sikre oss ei god og effektiv organisering av kollektivtrafikken i Telemark, som bidreg til at fleire vel å reise kollektivt og minskar presset på vegane våre og bedrar luftkvalitet og miljø i Grenland. Det er og viktig for skuleskyssen i heile Telemark.