Torunn Flatjord ny fylkessekretær i Hordaland Sp
Torunn Flatjord (34) frå Jølster er tilsett som fylkessekretær i Hordaland Senterparti og startar i arbeidet over nyår i 2021. Ho har arbeida på fylkeskontoret i Sogn og Fjordane Sp frå 2018, har siste året hatt stilling som organisasjonssekretær i Vestland Sp. Torunn har soleis også hatt Hordaland som arbeidsområde i 2020.
Torunn har ein bachelor i Kulturvitenskap frå Universitet i Bergen, og før det tok ho medialina ved Firda VGS. Ho har arbeida nokre år i sportsbutikk, har vore bookingsjef i Thon Hotel Jølster og kundehandsamar i Sogn og Fjordane Energi. – Og som ekta Jølstring er eg opptatt av friluftsliv, og likar å gå til fjells både sommar og vinter, seier Torunn.
- Eg gler meg til å starta å arbeida heiltid for Hordaland Senterparti og det å bli meir kjent i kvar krik og krok i fylket. Eg gler meg å koma tilbake til og bruka tid på plassar som eg så langt berre har kjørt hastig forbi i Hordaland. Kontoret mitt blir som før på Sandane, men som det står i arbeidskontrakta – «fysisk tilstedeværelse ved all aktuell møtevirksomhet i regi av Hordaland Senterparti er forventet». Eg likar å vera på hjul, så det er berre å invitera meg så kjem eg på besøk til rundtomkring til lokallaga. Eg er allereie blitt kjent med kjekke folk i heile fylket og føler at eg er tatt imot med stor varme, seier Torunn.
- Eg starta å arbeida i Senterparti i 2018, og når eg no får fortsetja i partiet som fylkessekretær i Hordaland, så føler eg at eg har kome heilt heim, avsluttar Torunn Flatjord.