8. mai feira Noreg 75-årsjubileum for fridomen etter 2. verdskrig. Det bør minna oss på at trugsmål me ein dag ser på som utenkjelege brått kan vere røyndom den neste. Slik var det i 1940, me vonar det aldri vil skje igjen. Men som ei forsikring i kriser som kan oppstå har Noreg eit forsvar, dyktige kvinner og menn som er klare til å stille opp for fridomen når det trengs. Det er vår oppgåve som folkevalde å setje dei i stand til å gjere den jobben på best tenkjeleg måte, skriv Liv Signe Navarsete.