Vår helse- og omsorgsteneste ville ikkje gått rundt, om vi som pårørande ikkje hadde brydd oss. I følgje tal frå Pårørendealliansen er det i dag 800 000 pårørande i Norge. Det gjeld ektefellen som tek seg av kona som har fått demens. Det gjeld pårørande til den alvorleg psykisk sjuke. Det gjeld foreldra som tek seg av sitt sterkt funksjonshemma barn. Desse gjer eit omsorgsarbeid tilsvarande 110 000 årsverk, som er om lag like stort som innsatsen frå det offentlege, skriv Kjersti Toppe.