
Jerveforvaltning – vi må sikre den todelte målsettinga!
Vi har sidan 2003 ligge langt over bestandsmålet for jerv i Norge. Dei tre siste åra var totalt 30 ynglingar over bestandsmålet, derfor treng vi ei stor mobilisering for å få regulert bestanden ned til bestandsmålet. Dette for å ta etter mange år med manglande uttak av lisensfellingskvote som eit forebyggande tiltak før beitesesongen og for å nå den todelte målsettinga. Vi har nå fleire områder med uakseptabelt store tap, og som har hatt det over fleire år. Blir ikkje dette løyst og regulert, vil desse utfordringane spreie seg til andre rovviltprioriterte og beiteprioriterte område.
Rovdata visar at det frå 2001 til 2024 har vore 42% fleire ynglingar av jerv i snitt enn det nasjonale bestandsmålet viser. I praksis har vi på landsbasis aldri vore på eller under bestandsmålet for jerv sidan 2003. Oversikta frå Rovdata viser også at sjølv om det i enkelte år er teke ut mange dyr på ekstraordinære uttak/hi-uttak aukar bestanden av jerv raskt i påfølgjande år.
Rovviltforliket er tydeleg på at jerven skal forvaltast på bestandsmålet. Da må det gjerast ein langt større innsats for å sikre dette. Uttak av overskotet av jerv må gjennomførast effektivt i alle områda vi har vanskar med å nå den todelte målsettinga.
Vi meiner at:
- Det må gjennomførast ekstraordinære uttak av overbestanden av jerv i dei områda som har hatt store tap over fleire år for å sikre den todelte målsettinga og for å få jerven ned på bestandsmålet. Overskotet av ynglingar i Norge må takast ut i desse områda.
- Vi må auke lisensfellingskvotene for å komme ned på bestandsmålet.
- Lisens- og skadefelling av jerv fungerer for dårleg som bestandsregulerande verkemiddel, særleg i alpine fjellområde, og må effektiviserast med meir moderne uttaksmetodar.
- Det må etablerast faste rutinar for at miljøforvaltninga tek ut restkvotene på jerv.
- Der ein må ta heim att sau tidleg på grunn av omfattande angrep av jerv, må forvaltninga få og bruke alle verkemiddel ein kan for å ta ut skadedyret som fører til at beiteområda ikkje blir nytta slik dei skal. Anten ved skadefelling i beitesesongen eller med målretta uttak gjennom lisensfellinga.
- Ta ut alle ynglingar i beiteprioritert område uavhengig av lisensfellingskvote så lenge det nasjonale bestandsmålet er nådd.
- Vi treng ein gjennomgang av forvaltninga for å kartlegge korleis dei ulike forvaltningsnivåa påverkar uttak, bestandsregistrering, kvoter og tiltak for å sikre den todelte målsettinga.
- Det må takast politiske grep for å sikre at forvaltninga fylgjer opp den todelte målsettinga, få kontroll på jervebestanden og sikre ei beitenæring som kan drive etter dyrevelferdsmessige mål. Vi har fleire beitebrukarar som har gjeve opp og mange vurderer sterkt om dei har helse og økonomi til å prøve vidare drift. Dette er alvorleg.
Vedtatt av fylkesårsmøtet til Hedmark og Oppland Senterparti 16. februar 2025