Idrett, kultur og natur
Innbyggjarane i kommunen skal ha ei innhaldrik fritid uansett alder.
Etne Senterparti vil jobba for
- at alle born og ungdom skal få ta del i fritidstilbod, uavhengig av familieøkonomi
- å halda fram med å styrka det gode arbeidet til frivilligsentralen
- at kommunen skal vera ein aktiv bidragsytar for å styrka det frivillige arbeidet
- eit breiare tilbod innan idrett/fritidsaktivitetar for unge over 15 år
- å ferdigstille aktivitetsområda i Skånevik og Etne
- universell utforming slik at aktivitetstilbod er tilgjengeleg for alle
- interaktivt museum/utstilling og kulturhistoriske løyper i kommunen
- dagsturhytte nær Skånevik
- syta for gode rammer til aktivitetane knytt til kyrkjene
- merka turløyper i heile kommunen og tilhøyrande digitale kart
- oppgradering av idrettsanlegg