Ledig stilling
Møre og Romsdal Senterungdom søker ungdomssekretær i 20-30% stilling. Ungdomssekretæren har ei viktig rolle i den daglege drifta av eit av Senterungdommen sine mest aktive fylkeslag.
Møre og Romsdal Senterungdom er eit fylkeslag i Senterungdommen, og har høg aktivitet gjennom året. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som kan vere tilsett for Møre og Romsdal Senterungdom i 20-30% stilling.
Arbeidsoppgåver bestemmast etter avtale, men typiske gjeremål for ein ungdomssekretær vil vere:
• Førebuingar og etterarbeid i samband med fylkesstyret sine møte.
• Organisering av fylkeslaget sine arrangement.
• Organisering av reise til sentrale arrangement.
• Utfylling og innsending av diverse søknadar og rapportar, herunder tilskot og momskompensasjon.
• Oppdatering og innhaldproduksjon til sosiale media.
• Rekneskap og budsjett, inkludert godkjenning av rekningar.
• Oppfølging og bistand til lokallaga.
Vi ser etter deg som er initiativrik og sjølvstendig, samstundes som du trivst med å vere ein del av eit lag. Ungdomssekretæren skal framstå som påliteleg og imøtekommande i den daglege kontakta med våre medlemer. Erfaring frå tillitsverv eller anna organisasjonsarbeid er ein fordel.
Anna:
• Søkaren må dele Senterungdommen sine grunnverdiar.
• Kvelds- og helgearbeid, i tillegg til reiseverksemd må påreknast.
• Førarkort kl. B på manuellgir er ein fordel, då fylkeslaget disponerer eigen bil.
• Søkar bør ha kjennskap nynorsk.
Oppstart for stillinga er 1. januar. Ungdomssekretær tilsetjast i prosjektstilling på 6 månadar, med moglegheit for forlenging.
Heimekontor etter avtale.
Moglegheiter for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad.
Løn etter avtale.
Søknadsfrist: 10. desember
Søknad og CV sendast til: dordiblerum@gmail.com Spørsmål kan rettast til: Fylkesleiar Dordi Boksasp Lerum – telefon: 95992700