14. kandidat: Hildegunn Langhaug Berli, Stordal

Hildegunn er 66 år og sauebonde, og bur på Langhaug i Stordal. Ho er mor til 4 barn og besta til 6 barn.
Hildegunn er utdanna agronom, og har jobba som landbruksavløysar, i barnehage og i møbelindustrien.
Hjartesaker:
- At jordbruket blir i bygdene våre
- At det blir lagt til rette slik at ungdom kan få lærlingplass i bedrifter og i kommunen
- Det må vere skule i bygdene våre
- Gjere noko i helsesektoren slik at det blir fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i faste stillingar, og mykje mindre bruk av vikarbyrå