17. kandidat: Kristian Gjerde, Valldal
Kristian er 46 år, bur på Rem i Valldal og har ein son. Fritida brukar eg på jakt, hund og fjellturar.
Han har gått idrettslinje, yrkessjåførlinje og agronom/landbruksskule. Tidlegare yrkessjåfør og anleggsarbeidar, no mjølkebonde.
Hjartesaker:
Brenn for eit aktivt og levedyktig landbruk, samt eit ønske om tilflytting til bygdene våre og liv og lys i flest mogleg hus.