19. kandidat: Karl Petter Stenvåg, Eidsdal

Karl Petter er fødd og oppvaksen i Eidsdal. Han er 34 år gammal, er gift og har 2 barn.Han er utdanna agronom ved Gjermundnes vgs, og har vore sjølvstendig næringsdrivande sidan 2010. Fritidsaktivitetar: Volleyball, fotball, fiske i fjord og elv.
Karl Petter er 4. generasjons sauebonde og brannkonstabel i Eidsdal. Han har tidligare jobba som turguide for cruiseskip i Geiranger og som landpostbud primært i Norddal, Eidsdal og Geiranger. Han er formann i Ytterdal Nye Vassverk SA. Karl Petter stiller på liste til kommuneval for første gong.
Hjartesaker:
Styrke lege- og helsetilbodet i kommunen
Støtte opp under næringsutvikling (skaping av fleire arbeidsplassar i kommunen)
Skule og barnehage; tilstand og tilbod
Kommunale vegar
Betre ferjevilkår for dei som er avhengig av ferja gjennom heile året (ikkje berre sumarsesong)
Jobbe aktivt for bru over Norddalsfjorden