9. kandidat: Kristian Indreeide, Eidsdal

Kristian er 36 år og bur i Eidsdal.
Her driv han gard med sau. I oppveksten dreiv dei også med mjølk og ammeku. Kristian er utdanna agronom, er gift og har eit barn. Han likar å ferdast ute i naturen, og er aktiv i Røde Kors og idrettslaget.
Dette er første gong han stiller til val. Han har allsidig arbeidserfaring både frå gardsarbeid, som brannkonstabel i Eidsdal og anna.
Hjartesaker:
Gode skular og barnehagar, og vi må ha eit levande landbruk i heile kommunen.