
Fylkestingslista 2023-2027
Lista vår viser ei breidde i både alder, geografi, yrkeserfaring og livsrøynsler
Møre og Romsdal Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile fylket vårt. Sosiale, kulturelle og økonomiske tiltak må henge saman for å skape gode vilkår for alle, uansett bustad eller yrke. Senterpartiet meiner gode lokalsamfunn blir til gjennom eit levande folkestyre som gjev folk tryggleik og identitet. Vi vil at alle skal oppleve kjensla av å høyre til.
Møre og Romsdal Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile fylket vårt. Sosiale, kulturelle og økonomiske tiltak må henge saman for å skape gode vilkår for alle, uansett bustad eller yrke. Senterpartiet meiner gode lokalsamfunn blir til gjennom eit levande folkestyre som gjev folk tryggleik og identitet. Vi vil at alle skal oppleve kjensla av å høyre til.
Møre og Romsdal Senterparti vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk i fylket der målet er å tilby gode tenester til innbyggjarane, samstundes som vi sørgjer for å tilpasse tenestene etter den demografiske utviklinga. Dei politiske prioriteringane som er lagde fram i dette valprogrammet, handlar i hovudsak om saker som fylkeskommunen har ansvaret for, men Møre og Romsdal Senterparti vil arbeide kontinuerleg med å påverke dei eksterne rammefaktorane, til dømes inntektssystemet for fylkeskommunane, i tillegg til saker som er viktige for regionen, som lokalisering av statlege arbeidsplassar, helseføretaksmodellen og nasjonale vegprosjekt som gjer transporten sikrare og raskare for næringsliv og innbyggjarar.
Møre og Romsdal Senterparti vil i valperioden jobbe for å halde oppe driftsnivået på tenester og oppgåver som direkte påverkar innbyggjarane, til dømes vidaregåande opplæring og tannhelse, mellom anna ved å redusere kostnadar til administrasjon, politikk, prosjekt og konsulentverksemd. I tillegg vil vi prioritere rimelegare og innovative løysingar på investeringar og drift, gjerne gjennom samarbeid med andre offentlege aktørar og private initiati
Utdanning og kompetansebygging i heile fylket skal vere eit satsingsområde i neste periode. Vidaregåande skular, Fagskulen, høgskular, universitetsavdelingar og forskingsinstitusjonar er mellom dei viktigaste bidraga det offentlege har til å vere regional utviklingsaktør.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
Vegar og ferjer knyter samfunna våre, menneska og næringslivet saman. Senterpartiet vil i valperioden prioritere vedlikehald, gang- og sykkelvegar, trygge skulevegar, rassikring og andre trafikktryggingstiltak, kollektivtilbod og eit godt ferje- og hurtigbåttilbod.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
Senterpartiet meiner det er viktig å sjå alle samfunnsområde i samanheng i folkehelsearbeidet. Både arealplanlegging, transport og kommunikasjon, arbeidsliv og fritidstilbod er viktige for å sikre bu- og blilyst. Fysisk aktivitet og psykisk helse gjennom kulturelt påfyll og samvær med andre er viktig i alle delar av livsløpet.
Eit levande kulturliv er viktig for å knyte oss saman og skape tilhøyrsle og gjev oss høve til å utvikle oss som menneske og samfunnsdeltakarar. Senterpartiet vil styrkje og utvikle kulturtilbod der folk bur og vere med og syte for gode vilkår for både dei profesjonelle utøvande og det frivillige kulturlivet.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
Det varierte næringslivet i Møre og Romsdal er med på å styrkje regionen i kampen om arbeidsplassar og utvikling. For å skape levande lokalsamfunn treng ein arbeidsplassar og eit næringsliv som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. For å få til dette må ein samarbeide meir mellom utdanning og næring, mellom regionane og på tvers av næringar.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
God beredskap er lokalt forankra. Politi, brannvesen, helsetenester, forsvar, redningstenester, heimevernet og frivillige er viktige for den totale tryggleiken. Desentralisert organisering sikrar god lokalkunnskap og kort responstid over heile fylket.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
Senterpartiet har lang tradisjon for å ta vare på naturressursane, det biologiske mangfaldet og ulike naturtypar gjennom berekraftig bruk. Vi vil arbeide for at fylket og Noreg skal ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimautfordringane i verda. Vi ynskjer å sikre norsk eigarskap til naturressursane, styrkje forsking på berekraftig forvalting av naturen og bruke fylkeskommunale verkemiddel for å fremje ny fornybar energi.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
Senterpartiet meiner likestilling og likeverd er viktig for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, kulturell og språkleg bakgrunn. Å ha ein god infrastruktur der alle har tilgang til internett, og å kunne kome seg fram på ein rimeleg måte, er ein viktig føresetnad for å kunne delta i samfunnet.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil