Fylkestingslista 2023-2027
Lista vår viser ei breidde i både alder, geografi, yrkeserfaring og livsrøynsler.
Gjesdal skal vere ein stad der det er godt å leve, bu og arbeide. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar. Vi tek heile Gjesdal i bruk!
Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil arbeida for eit samfunn der menneske kan utvikla seg fritt. Samfunnskontrakta skal oppfyllast av myndige menneske som tar ansvar for eige liv, for fellesskapet og for naturen. Senterpartiets verdigrunnlag er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar.
Senterpartiet meiner at respekten for menneskeverdet og det einskilde mennesket sin rett til å ikkje verta krenka, må være grunnleggjande for alt politisk arbeid. For Senterpartiet er kort avstand til dei som fattar avgjerslene, openheit om dei slutningane som blir tekne og nærheit til dei tenestene ein skal tilby innbyggjarane, grunnleggande for at samfunnet skal fungere på ein god måte.
Gjesdal Senterparti meiner at det er kort avstand frå innbyggar til politikar i Gjesdal. Det er ein verdi det er viktig å ta vare på.
Gjesdal kommune gir tenester med gjennomgåande høg kvalitet. Gjesdal Senterparti vil utvikle dei kommunale tenestene i Gjesdal i takt med dei behova som oppstår i kommunen. Gjesdal kommune strekk seg langt - både for lokalsamfunnet, innbyggjarane og dei tilsette.
Menneskeskapte klimaendringar skapar allereie store utfordringar på ulike samfunnsområde. Utfordringane vil høgst sannsynleg bli større i tida som kjem. Klimaendringane er summen av mange einskildhandlingar som blir gjort lokalt, og derfor vil også handlingar me gjer lokalt bidra til å bremsa klimaendringane. Gjesdal Sp meiner at alle må ta eit ansvar for å bidra til redusera utsleppa av gassane som påverkar klimaet. Gjesdal Sp meiner og at samfunnet, offentleg og privat, gjennom si planlegging må ta høgde for konsekvensane av eit endra klima. Dette har me løfta i inneverande periode ved å få nye innkjøpsreglar for kommunen der ein legg meir vekt på klima og kortreiste varar.
Gjesdal Senterparti vil:
Gjesdal Senterparti meiner det er viktig at medlemmane av kommunestyret er bevisst rolla si som arbeidsgjevar. I den rolla er kontakten med fagorganisasjonane viktig. Utviklingsarbeid som skjer i takt med fagorganisasjonar og tilsette har best sjanse for å lukkast.
Gjesdal kommune ønskjer å satsa på å utvikla ein heiltidskultur. Det skal forbetre kvaliteten for den einskilde brukaren og skape ein meir framtidsretta og effektiv organisasjon. Men det vil også føre til at ein legg til rette for eit godt arbeidsmiljø og til at den einskilde tilsette får avklarte rammer å forhalda seg til.
Rekruttering av arbeidstakarar med relevant kunnskap er viktig for at Gjesdal kommune skal løysa oppgåvene sine på best mogleg vis. Ei godt fungerande lærlingordning er sentral for å rekruttera framtidige dyktige tilsette til Gjesdal kommune. Gjesdal SP vil prioritere eit framleis høgt inntak av lærlingar i Gjesdal kommune.
Gjesdal Senterparti vil:
Senterpartiet ser på familien som grunnsteinen i samfunnet. Senterpartiet meiner ein sterk fellesskule er viktig. I eit stadig meir mangfaldig samfunn er gode, felles møtearenaar viktige, og grunnskulen er kanskje den viktigaste møteplassen.
Barn og unge har rett på ein trygg kvardag - fri for mobbing og vald. Trivsel og tryggleik er grunnleggjande føresetnader for læring. Senterpartiet vil arbeida hardt for å nedkjempa mobbing. Målet er at alle elevar skal trivast i skulen så dei kan utnytta potensialet sitt for læring og utvikling. Eit framtidsretta samfunn er tidleg ute og gir barna innsikt i samfunns- og arbeidsliv. Gjesdal kommune har tidleg innsats og førebyggjande arbeid blant barn og unge som satsingsområde.
Gjesdal Senterparti vil:
Landbruk, industri og anna næringsliv er sjølve livsgrunnlaget for våre lokalsamfunn. Gjesdal har fleire attraktive næringsområde. Næringslivet i Gjesdal er variert, men felles er at det er langt framme i innovasjon og teknologi, både i landbruket og anna næringsliv. Mange av desse har kome seg så langt ved hjelp av kommunal støtte, og det er viktig for ein kommune å ha jamn kontakt med næringslivet.
Gjesdal Senterparti vil:
Gode helse- og omsorg-tenester er viktige berebjelkar i det gode lokalsamfunnet. Gjesdal Senterparti set livskvalitet og menneskeverd i høgsete.
Psykisk helse er noko alle har og er påverka av. Halvparten av Noregs befolkning vil i løpet av livet koma til å slita med psykiske plager. Dette rammer først og fremst den det gjeld, men også dei pårørande og samfunnet elles. Helsesjukepleiartilbodet er viktig her og må styrkast i kommunen, og aller helst bør alle elevar få tilbod om ein samtale slik at terskelen for å spørja om hjelp vert senka.
Gjesdal Senterparti vil:
Gjesdal Senterparti ynskjer lys i stovene rundt om i heile kommunen. Det er viktig for trivsel og helse at det er naboar rundt som ser ein.
Kommunen skal vera ein aktiv bustadbyggjar og tilby attraktive og rimelege alternativ for fyrste- og sistegong-etablerarar, og dei som elles slit med å komma seg inn på marknaden.
Gjesdal Senterparti vil:
Store vegprosjekt er på gang gjennom Gjesdal. E39 Hove-Skurve og tverrsambandet mot Jæren er dei viktigaste. Desse er viktige for Gjesdal, men har blitt forsinka på grunn av lang planlegging og usikkerheit rundt finansieringa. Her må ein få fortgong. E39 sørover frå Skurve er under planlegging, men dette prosjektet har stoppa opp i departementa.
Gjesdal Senterparti vil:
Ved nyttår 2020 flytta kulturskulen inn i nye, flotte lokale i Veveriet. Dette var eit viktig tiltak som Senterpartiet stod bak i sist periode. Her er det og plass til ungdomskafé, storsal og mykje anna. Dette vert eit godt supplement til biblioteket, som er ein av dei viktigaste arenaene i ein kommune, både som møteplass og institusjon. Kulturskolen er viktig for det totale tilbodet for barn og unge, men det er og viktig for meistring, glede og fellesskap for den einskilde. Gjesdal kulturskole står sterkt etter 50 år, og Gjesdal Senterparti vil fortsette styrkinga.
Idretten har ein veldig viktig rolle i kommunen, og bidreg til både fysisk aktivitet og samhald. Senterpartiet er stolt av å levera på løfte om ny idrettshall og fotballhall som nå står ferdig i Gjesdal Idrettspark. Dette gjelder og ny fleirbrukshall i Oltedal som har nyleg har starta bygging. Dette vil vera positivt for både bredde- og toppidretten i kommunen. Gjennom samarbeidet med Gjesdal Idrettsråd har kommunen kome i gong med Folkepulsen, og me håpar at dette kan bidra til at fleire grupper, og spesielt inaktive, kjem i aktivitet.
Gjesdal Senterparti vil:
Stadig fleire er uroa for beredskapen i Noreg etter at det vart krig i Europa.
Med Senterpartiet i regjering har heimevernet blitt styrka, og fokus på matproduksjon er styrka.
Når naudetatane har fått svekka si lokale forankring og skal dekka større område, kjenner mange seg usikre på om dei vil får hjelp og bistand i tide dersom ulykker skjer og dei treng blålystenester.
Gjesdal Senterparti vil:
Gjesdal Senterparti er imot tvangssamanslåing av kommunar.
Fylkestingprogram for Rogaland Senterparti 2023-2027, der vidaregåande skular, fylkesvegar og regional utvikling er viktige tema:
Senterpartiet sitt program for 2021-2025, som inneheld partiet sitt verdigrunnlag og vår overordna politikk:
Prinsipp- og handlingsprogram 2021-2024 nynorsk nett.pdf (senterpartiet.no)
Anna vedteke politikk, som uttalar frå landsmøte og fylkesårsmøte:https://www.senterpartiet.no/politikk/vedtatt-politikk