Meir bom og sentralisering med FrP i regjering
I Stavanger Aftenblad 12. juli har FrPs Petter Korneliussen eit leserinnlegg der han forsøker å få H/FrP regjeringas politikk til å skina under sommarsola, eller mangelen på sommarsol. Men folk er jo ikkje dumme. Dei ser med eigne auge kva som skjer når det gjeld bompenger og sentralisering Då held det ikkje å skulda på stortingsfleirtalet når det gjeld bompengerekord og hevde at FrP har best politikk for distrikta. Faktum med FrP i regjering er noko heilt anna enn det han gjer uttrykk for. La oss ta nokre eksempel.
FrP er bompenge motstandar seier Korneliussen. Frå lovnad om bompengefritt over heile landet før valet i 2013, set dei i regjering rekord i innkreving av bompenger. Kvar dag krev dei inn over 24 mill i bompenger - 1 mill i timen - 10 milliardar i året. I Nasjonal transportplan for perioden 2018- 2029 legg regjeringa opp til å kreva inn 131 milliarder i tolvårs perioden. Det er ca. 11 milliardar årleg! Korneliussen seier at ei stemme til FrP er ei stemme for mindre bompenger. Folk får jo gjer opp si eiga meining. Ei stemme til FrP i regjering er nok ei stemme for fortsatt auke i bompenger. For faktum er jo at H/FrP regjeringa ikkje hadde klart å legga fram ein så ambisiøs Nasjonal transportplan utan bruk av så mykje bompenger.
Senterpartiet meiner at Norge treng ein ny politisk kurs. Det betyr at dagens H/FrP-regjering må bli avløyst etter stortingsvalget 11. september. Dei har i snart 4 år lagt opp til ei omfattende bevisst sentralisering på dei fleste samfunnsområda. Dei bruker fine ord som fornying, modernisering, nærpolitireform og demokratireform, sjå om mange opplever at det motsatte skjer. Fellesnevneren for reformene er sentralisering – ei bevisst sentralisering. Viktige tenester for folk i kvardagen blir fjerna og folk føler seg oversett, overprøvd og overkjørt. Blir sjukehus, politi, kommunar, fylkeskommunar, og skattekontor betre fordi dei blir større?
Antall kommunar blir redusert frå 428 til 386 og antall fylker frå 19 til 11. Rett i overkant av 20 kommunar blir slått saman med tvang. Antall fylker blir redusert frå 19 til 11. Enig eller uenig i kommune- og regionsforma. Det største paradokset er at det ikkje er avklart kva fleire oppgaver dei nye kommunane og fylka skal ha. På toppen av dette har me fått nokre uheldige kommunesamanslåingar som folk berre ler av. I vårt fylket er Nye Sandnes eit døme på det.
Senterpartiet er uenig med H/FrP i politireforma. Me vil bevare lokalpolitiet, mens H/FrP ønsker sentralisering når 126 lokale politikontorer over heile landet når blir lagt ned. Det viser seg også at mange politifolk har liten tillit til reforma, og at det er skepsis i mange kommuner. Senterpartiet ønsker at det lokale politiet blir styrka. Politidistrikta sitt budsjettmessige handlingsrom har blitt redusert med 426 millionar frå 2013-2016. Dette er ikkje SP sine tall, men regjeringas tall. Mindre midler til lokalt politi og ei dobling av politibyråkratiet frå 125 mill. i 2012 til 275 mill. i 2017 er resultatet så langt. Senterpartiet ønsker å styrke politiet i heile landet. Me vil redusera politibyråkratiet og me seier nei til sentraliseringa av politiet. Me meiner at folk skal vere trygge, uansett kor dei bur.
Regjeringen fekk ved hjelp av AP vedtatt ein langtidsplan som legg opp til nedbemanning innan forsvaret, samen med kraftige reduksjonar i Heimevernet. Langtidsplanen legg opp til kraftige kutt i antall baser, og nedlegging av Sjøheimevernet. Blant anna skal Andøya flystasjon, Kjevik, Hovemoen og Åsegarden leggast ned, med dei følger dette vil få for lokalsamfunna.
Regjeringa ønsker å slå saman små Nav-kontor til større enheter. NAV har dei siste åra digitalisert tjenestene sine, for å avlaste kontora slik at dei kan bruke meir tid på brukarar som treng mykje hjelp. Likevel er det mange som slit både med digital informasjon og telefonkontakt med NAV. Undersøkelser, blant anna frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO viser at meir enn 60% av eldre har behov for meir skulering i bruk av IT og internett.
Avinor driv i dag 46 flyplasser, der kun eit fåtall går med overskudd, men der kryss-subsidiering mellom lønsomme og uønnsomme flyplasser fører til at alle kan opprettholdast. Regjeringa har lagt opp til at Avinor skal kutta 1,5 milliarder kroner på tre år (2015-2018). Senterpartiet vil opprettholde Norges store nett av lufthavner og finansieringen av disse gjennom flyplassavgifter/kryss-subsidiering.
Dette er berre nokre få eksempler. I tillegg kan kort nevnast sentralisering av skattekontor, høgskular og universitet, brannstudien og domstolane.
Senterpartiet er ikkje imot reformer, men har andre løysingar og synspunkt på korleis samfunnet kan organiserast og utviklast. Senterpartiet trur ikkje på mantraet om at sentralisering og stordrift løyser alle utfordringar. Senterpartiet meiner at det finns betydelige stordriftsulemper, og at det også fins smådriftsfordeler.
Senterpartiet er sentralt når Norge står ved viktige veiskiller. I 1935 var det partiets kriseforlik med Arbeiderpartiet som la grunnlaget for velferdsstaten. Borten-regjeringa innørte folketrygden, offentlighetsloven og pressestøtten. I 1972 og 1994 var Senterpartiet viktig i kampen mot EU. Nå står me igjen ved eit veiskille. Du har nå ein historisk sjanse til å vere ein del av motmakta til den store sentraliseringa. Stem Senterpartiet ved årets stortingsvalg!