Mobbeombod for barnehagar/grunnskular
Fylkestingsrepresentant Ole Johnny Stubhaug sitt innlegg til Fylkestinget 4-5.juni om mobbeombud for barnehagar og grunnskule.
Sp ser på jobben som mobbeombudet gjer som svært viktig. Statistikken seier at vi i Sogn og Fjordane er blant dei beste i klassen, når det gjeld få tilfelle av mobbing. Men mobbing er frykteleg øydelegjande for oppveksvilkåra til barn og ungdom, og må forebyggast etter beste evne. Konkrete tilfeller må takast tak i med ein gong det er oppdaga/meldt.
Vi er litt spørjande til kor godt tenestene til mobbeombudet er kjendt blant tilsette og foreldre rundt om i kommunane, etter knapt eit års drift. Når utdanningsdirektoratet no har vedtatt å vidareføre sin del av finansieringa ( 50 %) fram til ordninga er evaluert, må vi derfor benytte sjangsen til å vidareføre drifta, og auke kunnskapen omkring arbeidet til mobbeombudet.
Vi ser i årsmeldinga til ombudet, sak 32 seinare i dag, at ho synest ho har vorte godt motteken av tilsette, elevar og foreldre i bhg og skular.
Tryggare digital kvardag er eit viktig mål. Ombudet kjenner seg att i medietilsynet si nasjonale undersøking: Barn og medier 2018: Den viser at alle melde saker frå 3.klassetrinn og oppover har digitale element i seg. 50 % av 9-åringane i Norge er på sosiale medium! Dette er krevjande å handtere, og krev mykje oppfølging, både i heimen, barnehage og skule.
Kommunalt beredskapsteam mot mobbing i kommunane er eit anna tiltak mobbeombudet drar fram i årsmeldinga si.
Fylkesordførar: Arbeidet med desse prosessane er viktig å støtte vidare, og Sp støttar derfor rådmann sitt framlegg om å forlenge ordninga med mobbeombod for grunnskule og barnehagar ut 2020.