Senterungdomen framsnakkar brukt og berekraftig

Leiar i Sogn og Fjordane Senterungdom, Stine Fjellkårstad, framsnakka brukthandelen i si tale til landsmøtet i Senterpartiet i Haugesund i dag.
Her kan du lese hennar innlegg:
Vyrde landsmøte!
Eg heiter Stine og eg skal snakke om endringsforslag 105. «Fjerne moms på ombruksvarer» Men fyrst skal eg snakke om kva eg har på meg.
Eg har på meg ei brukt skjørt frå UFF prinsen i Oslo, eg har på meg ei brukt blå skjorte, eg hugsar ikkje frå kva butikk, og eit tørkle frå bruktbutikken Kollektivet i Kristiansand.
Når folk kommenterar kva kle eg går med, og eg som oftest går med ein god del brukt, så opplever eg at mange vert overraska og syns bruktkle er nisje. At brukt er nisje, sa òg ein artikkel eg hadde i faget «FORN350 Ressurser i kretsløp - bærekraftig forvaltning av avfallsressurser» på NMBU hausten 2020.
Artikkelen heitte «barrierer for ein sirkuler økonomi». Sidan denne artikkelen var frå 2010, ringde eg i går professoren eg i 2020 hadde i faget, og ho som er noverande professor i faget. Eg fekk bekrefta at utfordringa er reel fortsatt. Sitat frå artikkelen «kulturelle barrierer, spesielt mangel på forbrukerinteresse og bevissthet, samt en nølende bedriftskultur, vert sett på som dei viktigste sirkulærøkonomiske barrierene av bedrifter og beslutningstakere. Dette vert markedsbarrierer som igjen er indusert av mangel på synergistiske statlige intervensjoner for å akselerere overgangen til en sirkulær økonomi.» Sitat slutt.
Ditta var ei krøkkete setning, men det den seier er at vi treng meir statleg innblanding i bruktmarknaden. Sjølvsagt må den opne formuleringa om å fjerne moms på ombruksvarer innrettast på ein måte som gjer at den treff rett og vi får redusert fotavtryket, anten det gjeld tekstilar, byggmassar eller andre varer. Heldigvis har vi departement til slik. Men at vi ynskjer meir ressursar i kretslaup er ei politisk beslutning.
Brukt skal ikkje vere nisje, men noko ålmenta og næringslivet og skal nytte seg av fordi det er økonomisk gunstig. At det skal vere økonomisk gunstig skal vi syte for, fordi det er bra for planeten vår. Dette er sunn fornuft. Bondevett rett og slett. Ressursar kan brukast omatt og gå i arv på tvers av forbrukarar.
Eg håpar dykk kan stemme mot innstillinga og for endringsforslag 105 som vil fjerne moms på ombruksvarer.
For eit meir berekraftig Noreg!