Sigrid Brattabø Handegard (gruppeleiar Sp): Vestland skal vere i tet i det grøne skiftet!
.png)
-Vestland skal vera i tet i det grøne skiftet! Dette sa gruppeleiar i Senterpartiet, Sigrid Brattabø Handegard, på fylkestinget si samling i Rosendal.
-Havbruk, som ei av dei store framtidsnæringane, må over frå raudt til grønt i trafikkljossystemet. Nedtrekket i produksjonen må brukast til å testa ut nye teknologiske løysingar for lukka anlegg i dette området. Dette vil vere eit viktig bidrag til eit grønt Vestland, teknologiutvikling og auka verdiskaping, seier Senterpartiets gruppeleiar.
-Fylket skal vere i tet på å stake ut kursen, so må vi utvikle samarbeid og dra i lag for å nå måla sa Brattabø Handegard.