Gå til hovedinnhold

Uttrykkjer motstand mot generell bevæpning av politiet

Erlend Herstad

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Erlend Haugen Herstad, uttrykkjer motstand mot generell bevæpning av politiet.

 

Under landsmøtet til Senterpartiet heldt Trygve ei inspirerande tale om Noregs mangfald og fellesskap. Han framheva skilnadane mellom Oslo og Finnmark og korleis vi som nasjon tek vare på kvarandre, anten det er folk eller landsdelar som treng hjelp.

Erlend Haugen Herstad, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterpartiet, tok deretter ordet for å uttrykkje sin motstand mot generell bevæpning av politiet. Herstad argumenterte for at politiet ikkje alltid treng å bere skytevåpen. Han påpeikte at kvardagen i Noreg ikkje er prega av terror og gjengoppgjer, men av meir rutinemessige oppgåver som fartsbøter, etterforsking, patruljar og utskriving av pass. I slike situasjonar meiner han at det ikkje er nødvendig for politiet å vere bevæpna.

 

Herstad understreka at politiet har full moglegheit til å bevæpne seg når det er naudsynt, og at dette bør vere unntaket snarare enn regelen. Sjølv i dagens urolege verd er det sjeldan politiet treng våpen for å utføre sine oppdrag. Når politiet rykkjer ut til situasjonar som krev bevæpning, har dei våpen tilgjengeleg i bilen.

 

Han oppmoda landsmøtet til å tenkje nøye gjennom konsekvensane før dei gjev politiet ordre om alltid å bere skytevåpen. Herstad avslutta med å spørje korleis det vil påverke forholdet mellom politiet og befolkninga dersom politiet alltid er bevæpna, uansett om det er på gata, ved ein fartskontroll eller når dei besøker skular for å vise fram kva det norske politiet er.

Herstad håpar at Senterpartiet vil ta ei avgjerd som reflekterer Noregs verdiar og behov, og som ikkje fører til ei ytterligare bevepning av politiet vi møter til dagleg.