Gå til hovedinnhold

Herstad, Gloppestad og Skarstein føreslått som ny leiartrio

Uten tittel (2)

Valnemnda i Sogn og Fjordane Sp er ferdige med sitt arbeid, og har landa på følgande innstilling til nytt fylkesstyre i partiet:

 

 

Leiar:   Erlend Haugen Hærstad (Sunnfjord) Ikkje på val

1.Nestleiar:         Leidulf Gloppestad (Gloppen) Attval

2.Nestleiar:          Silje Åsnes Skarstein (Stryn) Ny

Studieleiar:         Karin Tonning Hatløy (Hyllestad) Ikkje på val

Styremedlem:     Ivar Kvalen (Luster) Ikkje på val

Styremedlem:     Emma Berge Ness (Sunnfjord) Ikkje på val

Styremedlem:     David Underdal (Aurland) Ny

 

Varamedlemmer:

1.  Sidsel Kongsvik (Kinn) Ny

2.  Jonas Haugsbø (Høyanger) Ny

3.  Grete Kristin Leirdal (Luster) Ny

4.  Tor Inge Øvrebotten Myrhol (Bremanger) Ny

 

 

-Valnemda i Sogn og Fjordane Senterparti har avslutta sitt arbeid, og legg fram endeleg innstilling til fylkesårsmøtet 2025. På vegne av nemnda vil eg seie at vi er veldig heldige som har så mange engasjerte og kompetente personar som er villege til å engasjere seg i politisk arbeid til beste for Sogn og Fjordane og partiet vårt. Nemnda har landa på eit framlegg som i best mogeleg grad dekkar det geografiske området Sogn og Fjordane, og er trygge på at vårt framlegg vil vere eit godt og kompetent styre for tida som kjem. Vi vil og takke lokallaga som har kome med gode innspel i prosessen, seier Ståle Sandal som har vore leiar i valnemnda.

 

Fylkesstyret skal veljast av årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti, den 1.mars på Thon Hotel Jølster.