
Til kamp for folkekyrkja
Færre gudstenester? Av-vigsling av kyrkjer? Kutt i prestestillingar? Mykje kan bli ein realitet om ein skal ta opposisjonspartia på Stortinget på alvor. Ser ein bort frå KrF, er det skremmande kor lita omsut Høgre, Venstre og Framstegspartiet har for folkekyrkja vår. Dei foreslår store kutt i finansiering av Den norske kyrkje i sine alternative statsbudsjett. Frå 174 til 257 mill. kroner. Dette vil sjølvsagt kunne gå ut over talet på prestestillingar, skriv Kjersti Toppe.