Senterpartiets fylkesårsmøter 2024
Det er venta svært stort oppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter også i år, med over 2 100 delegatar. I tillegg kjem mange observatørar og gjester. Alle 17 fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år, og i år startar det med Buskerud Sp 16.-17. februar og avsluttast med Troms Sp 16.-17. mars. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.
Bildet: Frå fylkesårsmøtet i Nordland Senterparti 10. februar 2024.
Politiske verkstader
Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentral innleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om det som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.
I 2023 vedtok fylkesårsmøta til saman over 100 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså over fem uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt. Alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til både sentralstyret i partiet, alle komitear i stortingsgruppa, samt til regjeringa.
Val av fylkesleiar i år
Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår, er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane samt vararepresentanter for heile styret i nummerordning som er på val. I valår er det 1. og 2. nestleiar, den andre halvparten av styremedlemane og alle vara som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.
Svært store fylkesårsmøte
Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå m. a. talet på røyster i siste stortingsvalet i 2021, talet på lokallagsleiarar, ordførarar og gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyra og fylkestingsrepresentantar, talet på medlemar i lokallaget samt fem representantar kvar frå Senterkvinnene og Senterungdommen. Det er venta at det kjem godt over 2100 delegatar totalt på årets fylkesårsmøter.
Her er oversikt over resterande fylkesårsmøtar 2024:
- Når det gjeld oversikta over sentral innleder, så deltek i tillegg fleire av statsrådane på årsmøtet i eige fylkeslag.
Fylke | Dato | Sted | Mediakontakt | Sentral innleder |
Østfold | 1.-2. mars | Scandic City, Fredrikstad | Henriette Holt Gausdal 469 44 383 hhg@sp.no | Erling Sande |
Vestfold | 1.- 2. mars | Havna hotell Tjøme | Ida Cathrine Nilsen 413 34 656 icn@sp.no | Oddmund Hoel |
Trøndelag | 1.-2. mars | Scandic Hell | Lars Myhr Sandlund 984 66 902 larsa@trondelagfylke.no | Trygve Slagsvold Vedum |
Akershus | 1.- 2. mars | Sørmarka | Linde Rødfoss 978 90 235 lr@sp.no | Kjersti Toppe |
Sogn og Fjordane | 2.- 3. mars | Scandic Sunnfjord Hotel, Førde | Torunn Flatjord 416 26 602 tf@sp.no | Anne Beathe Tvinnereim |
Møre og Romsdal | 2.- 3. mars | Scandic Parken, Ålesund | Isabelle Orvik 901 87 006 io@sp.no | Trygve Slagsvold Vedum |
Telemark | 8.- 9. mars | Vrådal, Straand Hotel | Torunn Brukåsa Kleiva 400 19 265 tbk@sp.no | Emilie Enger Mehl |
Hordaland | 8.- 9. mars | Stord hotell, Stord | Sølvi Kobbeltvedt 920 55 789 sk@sp.no | Geir Pollestad |
Rogaland | 9.- 10. mars | Hotel Maritim, Haugesund | Vidar Nedrebø 416 42 502 spvidar@gmail.com | Erling Sande, Geir Pollestad og Andreas Bjelland Eriksen |
Oppland | 9.- 10. mars | Quality Strand Hotell, Gjøvik | Camilla Aaseth 992 44 339 caa@sp.no | Anne Beathe Tvinnereim |
Agder | 9.- 10. mars | Kristiansand, Scandic ved dyreparken | Linda Leirpoll 477 54 192 ll@sp.no | Geir Pollestad |
Troms | 16.-17. mars | Grand Harstad, Harstad | Ingunn M. Hals 938 52 317 imh@sp.no | Bjørn Arild Gram |