Historie

Historien
Når "gamle" politiske parti ikkje fangar opp viktige straumdrag i tida, vil nye melde seg på scenen. Enkelte av nykomarane framstår som protestparti utan å ha truverdige politiske alternativ. Dei er for det meste "symptom" på samfunnskriser og får ein kortvarig eksistens. Andre nye parti hevdar seg over lengre tidsrom. Slike parti viser at dei i tillegg til å gjera opprør mot det gamle, også kan påverka utviklinga framover.