Innhaldstypar
Det finst fleire ulike innhaldstyper du kan velje mellom, og dei har alle saman ulike føremål og eigenskapar.
Ved å trykke på "Ny" i toppmenyen vil du få fram eit modalvindauge med to kolonnar:
- Venstre: Alle innhaldstyper som finst på nettsida
- Høgre: Dei mest brukte innhaldstypene som er brukt i denne delen av trestrukturen
Grunnen til at me har ulike innhaldstyper er for å enklare finn fram til typen innhald me er ute etter. Både for oss sjølv i Content studio, men òg når besøkande skal søke på nettsida (filter) og når KI-robotane våre Gråtass og Spir-KI skal finne fram i mengden av informasjon.
Det er difor viktig å forstå kva dei ulike innhaldstypane er for noko, og kva dei skal bli brukt til. Ved å bruke feil innhaldstype er det enkelt å skape irritasjon, forvirring og frustrasjon hos både folk og robotar.