Fylkestingslista 2023-2027
Lista vår viser ei breidde i både alder, geografi, yrkeserfaring og livsrøynsler.
Fjell og Testane skal vere ein stad der det er godt å leve, bu og arbeide. For å få til dette er det naudsynt med bevisst samarbeid mellom byane på kysten og innlandet. Vi tek heile Fjell og Testane i bruk!
Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar.
Jorda er ein arv som vi forvaltar for etterkomarane våre. Senterpartiet vil at Norge skal forvalte naturressursane og ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema. Dei fornybare naturressursane er eit viktig fundament for samfunn og økonomi.
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gi folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Den norske samfunnskontrakten – der vi yter etter evne, og der fellesskapet stiller opp for kvar enkelt – føreset at det er tillit mellom folk. Rettferdig fordeling, små forskjellar og sosial tillit heng tett saman.
Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske forskjellar. Der det skal vere rom for - og støtte å få til - å utvikle seg sjølv og nye idear og verksemder.
Likestilling og likeverd er ein viktig føresetnad for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, funksjonsevne, kulturell og språkleg bakgrunn. På Agder har vi utfordringar med omsyn til likestilling, og det er naudsynt med medvite arbeid for at alle skal ha høve til å ta del i arbeids- og næringsliv og ha innverknad på utviklinga av samfunnet og demokratiet.
Kunnskap og kompetanse er grunnleggjande for oss alle. God vidaregåande opplæring er viktig for å kvalifisere seg for yrkeslivet og høgare utdanning. Senterpartiet har lenge arbeidd for at skulesystemet i større grad skal anerkjenne praktisk kunnskap, og meiner entreprenørskap og sterk integrering/samhandling mellom skule og næringsliv er viktig for motivasjon og læring. Læraren er den viktigaste faktoren for god læring. For at lærarane i større grad kan konsentrere seg om læringsarbeidet, må skulen bli styrka med anna fagfolk for at skulen kan møte elevane sine samansette behov best mogleg.
Å behalde alle tre sjukehusa på Agder, med akuttmottak og eit godt fagleg tilbod på alle stadene er eit overordna mål for Senterpartiet. Vi vil og prioritere folkehelsearbeidet høgt.
For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig med eit rikt og variert kulturtilbod med stort mangfald av kulturaktivitetar og kulturuttrykk. Dette må bli tilrettelagt slik at alle innbyggjarar får ta del i kunst- og kulturlivet.
God infrastruktur er ein føresetnad for god utvikling av eit godt samfunn. Infrastrukturen må bli utbygd slik at alle som bur på Agder kan dra nytte av den. Mjuke trafikantar må ha god og sikker framkomst. Tilrettelegging for redusert bruk av bil er viktig miljø- og folkehelsetiltak.
For å ha busetnad og gode levekår i heile Agder er det nødvendig med trygge arbeidsplassar. Agder fylkeskommune må vere ein pådrivar for regionalt utviklingsarbeid i eit partnarskap med kommunane og lokalt næringsliv.
Norge skal bli et lågutsleppssamfunn i 2050. Agder er rikt på fornybare ressursar, og har ein viktig posisjon i arbeidet med å nå dette målet. Det norske kulturlandskapet, innmark og utmark, er skapt gjennom fleire tusen års aktivitet. For å ta vare på plante-, dyreliv og kulturverdiar må landskapet bli bruka, elles forsvinn det. Aktiv bruk er det beste vern.